Den kanskje viktigaste konserten eg har spelt så langt, er eksamenskonserten som avslutta masterstudiet på Grieg-akademiet i Bergen våren 2014.

Repertoaret var…

– Sergej Prokofiev: Pianosonate nr. 8 op. 84 i B-dur.

– Johann Sebastian Bach/Ferruccio Busoni: Frå Partita nr. 2 for solo fiolin i idd-moll – 5. Chaconne.

– Frederic Chopin: Pianosonate nr. 3 op. 58 i h-moll

Eg brukte for øvrig samme repertoaret på ein konsert på Ingebrigt Davik-huset i Brattvåg (Haram) i mai 2015.

Det vart gjort opptak av heile konserten, og lydfilene finn du nedanfor.

Chopin:Pianosonate nr. 3 i h-moll, op. 58 1. Allegro maestoso
Chopin:Pianosonate nr. 3 i h-moll, op. 58 2. Scherzo: Molto vivace
Chopin:Pianosonate nr. 3 i h-moll, op. 58 3. Largo
Chopin:Pianosonate nr. 3 i h-moll, op. 58 4. Finale: Presto non tanto

Bach/Busoni: Chaconne i d-moll

Prokofiev: Pianosonate nr. 8 i B-dur, op. 84 1. Andante dolce
Prokofiev: Pianosonate nr. 8 i B-dur, op. 84 2. Andante sognando
Prokofiev: Pianosonate nr. 8 i B-dur, op. 84 3. Vivace

Elles blir det ein god del konsertering og speleoppdrag, både solo, kammermusikk og akkompagnering av vokalistar og instrumentalistar. Mest i Bergen, men òg eit og anna oppdrag litt lenger unna, som på Europas største sjømatmesse i Brüssel.

Av konsertering våren 2015 kan nemnast:

  • Musikkinnslag under Vestnorsk Ingeniørkonferanse i regi av Norges Ingeniør- og Teknologorganisasjon. Program: «Bryllupsdag på Troldhaugen» av E. Grieg og «Kjempeviseslåtten» av H. Sæverud, solo klaver.
    ,
  • Pianokvintettkonsert i nykirken med strykarar frå Bergen Filharmoniske Orkester og studentar frå Noregs Musikkhøgskule. Program: F. Schubert: «Pianokvintett i A-dur, D667, ‘Die Forelle’».
    ,
  • Festkonsert i regi av Griegakademiet under jubileet av Det Akademiske Kvarter i Bergen. Akkompagnement til ein times program med operarepertoar.
    ,
  • Akkompagnement til Masterclass i Bergen i forbindelse med Bergen Nasjonale Opera si oppsetjing «Don Giovanni» av W.A. Mozart.
    ,
  • Duokonsert i Brüssel saman med sopran Nora Oleanne Sårheim i forbindelse med Brüssel-messen, verdens største sjømatmesse.
    ,

Ei oversikt over all mi konsertering våren 2015 kan du sjå her.