Litt informasjon om meg

Kato Nogva FlemNamnet mitt er altså Kato Nogva Flem. Eg er frå Flemsøya i Haram kommune – på sunnmørskysten nord for Ålesund. Er i skrivande stund 26 år gammal (f. 1989).

Eg begynte å spele piano i kulturskulen som sjuåring. Deltok på UKM (ungdommens kulturmønstring) mange gonger, kom til fylkesmønstringa fleire gonger og til landsmønstringa i Trondheim i  2003.

Fekk Norsk kulturskoleråd sitt «Drømmestipend» i 2005, og Haram kulturfond sitt stipend i 2006.

Gjekk musikklinja på Fagerlia vidaregåande skule i Ålesund med Sho Horie som pianolærar (2005 – 2008). Deretter gjekk vegen til Bergen og Griegakademiet (Universitetet i Bergen), der eg 2008 – 2012 tok Bachelor i utøvande musikk, piano, med Jan Hovden som lærar.

Fullførte så mastergraden ved Griegakademiet våren 2014 med Jan Hovden og Torleif Torgersen som lærarar. Hovedfokuset under mastergraden var på russisk klavermusikk.

Av anna «utdanning» kan nemnast at eg har spelt på masterclass med blant andre den verdskjende russiske pianisten og pedagogen frå Juliard School of Performing Arts, Oxana Yablonskaya.

Eg jobbar no som frilansmusiker og konserterer både som solopianist og som kammermusiker og akkompagnatør, f. eks. under Grieg in Bergen-festivalen saman med sopran Hilde Annine Hasselberg.