Eg vil prøve å kome med i  Edvard Grieg Internasjonale Pianokonkurranse som vert arrangert på Troldhaugen 2. – 10. september 2016. Sjølve finalen går i Grieghallen med Bergen Filharmoniske Orkester.

Frist for søknad om opptak er 2. mai 2016. Søknaden skal innehalde videoopptak av følgjande repertoar:

  • Ein første sats frå ei sonate av Haydn, Mozart eller Beethoven
  • Eit lyrisk stykke av Edvard Grieg
  • Ei virtuos etyde
  • Fritt solo repertoar
    ,

Repertoaret for heile konkurransen kan du sjå her: http://griegcompetition.com/repertoire

30 søkjarar får plass i konkurransen, som er open for pianistar frå heile kloden.

Sjølve konkurransen går over i alt fire runder: første runde, andre runde, semifinale og finale. For kvar runde er det nokre av deltakarane som går ut, og i finalen er det berre tre pianistar. Desse tre vert belønna med pengepremier.

Eit godt resultat i Grieg-konkurransen vil hjelpe på det langsiktige målet, som er å skape meg ei karriere som profesjonell utøvande pianist.

Russisk pianomusikk

Den russiske pianomusikken står mitt hjarte nært. Eg har spelt fleire sonater av Prokofiev og Medtner, og Prokofiev si pianosonate nr. 8 i B-dur var ein del av masterkonserten min på Grieg-akademiet i juni 2014 (sjå konsertar).

For tida jobbar eg med Rachmaninov sin konsert nr. 2 i c-moll, som eg m.a. skal bruke i Grieg-konkurransen.

Elles syslar eg med planar om eit kammermusikalsk prosjekt med russisk musikk (soloinstrument + piano) som forhåpentleg skal bli ein konsertserie,  kanskje i samarbeid med Bergen Kammermusikkforening.

Ein idé om plateinnspeling svevar òg i hovudet. Her tenkjer eg å innstudere ein del av Nikolai Medtner sin pianomusikk, presentere den i ein konsertserie og deretter spele inn på plate. Det vil då vere snakk om nokon av sonatene, delar av «Forgotten Melodies» og ein av dei to pianokonsertane til Medtner. Desse er ikkje så mykje framført, og det ville vere kjekt å kunne få gjere denne musikken meir kjend.

Eg har heile tida jobba parallellt med solo- og kammermusikk, og dette har eg lyst til å halde fram med. Å musisere med andre gir både musikken og livet ein ekstra dimensjon som er veldig givande.