Eg har alltid likt Chopin, og i yngre dagar var nokre av «sviskene» hans – smektande valsar som Nocturne i Ess-dur og Vals i Ciss-moll – blant mine glansnummer.

Men Frederic Chopin har laga «ordentlig» musikk òg, som eitt av stykka eg spelte på avslutningskonserten min på masterstudiet på Griegakademiet i Bergen: Pianosonate nr. 3 i h-moll, op. 58.

Resten av repertoaret på masterkonserten var…

Bach/Busoni: Chaconne i d-moll og
Sergei Prokofiev: Pianosonate nr. 8 i B-dur, op. 84.

Om du har lyst til å høyre på noko av denne konserten, finn du opptak av alle stykka her.

Russiske komponistar

Eg liker også godt russisk pianomusikk; som nemnt ovanfor hadde eg med Prokofiev på masterkonserten. For tida jobbar eg spesielt med Sergej Rachmaninov sin konsert nr. 2 i c-moll, som eg m.a. skal bruke på Edvard Grieg Internasjonale Pianokonkurranse 2016.

Har òg planar om å dra ein annan, mindre kjend russisk komponist – Nikolai Medtner – sin musikk fram i lyset. Han har mange fine komposisjonar som ikkje er så mykje spelt. Tanken er å først presentere musikken for publikum i ein konsertserie, og deretter å få gjort ei plateinnspeling med same musikken.

Kammermusikk

Elles har eg engasjert meg i kammermusikalske prosjekt og er ubeskjeden nok til å meine at realiseringa av mange kammermusikk-konsertar i Bergen og omegn ikkje ville ha vorte gjennomført utan mitt engasjement. Mellom dei mest kjende verka her kan nemnast Schubert «Die Forelle», Brahms horntrio, Franck sonate for fiolin og piano.

Eg har også vore pianist på operaforestillingar som «15 Shades of Figaro» og «Kleopatra – uten følge».

Har prøvd å finne ein balanse mellom innstudering og framføring av musikk for solo piano og akkompagnement og kammermusikk, både med songarar og instrumentalistar. Både fordi det er givande å musisere saman med andre, og fordi svært mange speleoppdrag innbefattar meir enn éin musikar. Som fersk pianist kan ein ikkje akkurat velje og vrake heller, om ein vil ha mat på bordet.

Sjå elles ei liste over all mi konsertering vårsesongen 2015 her.